Strandstova og Strandsbua med torvtak i tunet, med fjellet bak

Klar for 100 nye år.

Etter over 100 år med kultur, matopplevingar og tradisjonar går stafettpinnen til ein ny generasjon.

Vi tek ei pause. Ny opning kjem.

Følg med

Tunet ved Jølstra

Det er i Jølster tinga har si meining, og her skal det vere lys i husa.

Idéen kom i 1921. Eivind Fossheim ville skape eit bygdemuseum med liv i. I 1978 opna sonen hans tunet for alle, og sidan 2006 har Heidi og Frode drive det vidare.

Om tunet

Meir enn eit museum.

  • Gammal tømmerbu med torvtak og ei open dør i tunet om sommaren

    Museet og husa

    Hus og bruksting frå heile bygda, samla sidan 1921.

  • Stor sal under takbjelkane med langbord, åkle og måleri på veggane

    Kunstgalleriet

    Salsutstilling på låven, alltid med bilete av Ludvig Eikaas.

  • Langbord dekt med kvit duk, raude servettar og stearinlys i ei tømmerstove

    Restaurant Låven

    À la carte basert på sesongens råvarer frå nærområdet.

  • Gamal stove med kjøkenbord, stolar og lys frå to vindauge

    Stovene

    Lys i husa, slik tunet alltid har vore meint.

Husa i tunet

Hus frå heile bygda, flytta hit og sette opp att, kvart med si eiga soge.

Grindastova har årstalet 1631 skore inn i veggen og er truleg det eldste huset i Jølster. Her er nokre av dei andre.

Strandstova

Teken av jordskredet i 1682, fiska opp att av Jølstravatnet.

  • Feia ut på Jølstravatnet av eit jordskred i 1682
  • Stokkane vart fiska opp att, og stova reist på nytt
  • Dørhella høyrer til stova og har årstalet 1781
  • Gjenreist i Jølstramuseet i 1925
Mørk stove med langbord, benkar og eit tent lys i ein lysestake

Eldhuset

Frå Jølster prestegard, og med i eit av Astrup sine måleri.

  • Kom frå Jølster prestegard på Ålhus
  • Flytta til Jølstramuseet i 1933
  • Du finn det att i Astrup-måleriet «Tun i Jølster»
Eldhuset innvendig med langbord, steinhellegolv og reiskap på veggene
Mørkbeisa stove med torvtak, terrasse og bjørkegreiner

Borghildstova

Eitt av dei typiske byhusa frå Førde, kjøpt frå sjåfør Øvrebø.

Lite tømra uthus med torvtak omgitt av grøne planter

Østenstad-dassen

Kjøpt for 10 kroner i 1920, i bruk som utedass heilt fram til 1965.

Vertskapet i snøen framfor eit tømmerhus Tømmerhus med torvtak og blomstrande buskar om sommaren Juletre og dekt langbord i ei gamal stove Ei kvinne i døra til eit tømmerhus med torvtak

Eventyrlig flott og nydelig mat.

Gjest på Tripadvisor · Selskap

Kjem gjerne igjen og vil anbefale plassen varmt.

Gjest på Tripadvisor · Restaurant Låven

Fantastisk kombinasjon av kunst, god atmosfære og fortreffelig mat.

Gjest på Tripadvisor · Kunstgalleriet

Lys i husa, heile året

Sommarnetter i tunet, konsertar på låven, rakfiskkveld i november og julebord i dei gamle stovene.

Selskap og møte

Store dagar i gamle stover, frå dåp til minnestund.

Spør om selskap
Juletre og langbord dekt til selskap i ei stove med åkle og måleri

Selskap

Dåp, konfirmasjon, jubileum og bryllaup

Langbord dekt til julebord med raude servettar og stearinlys

Julebord

For bedrifter og privatpersonar

Langbord under takbjelkane, dekt med stearinlys

Møte og kickoff

Lag-, organisasjons- og bedriftsmøte

Spørsmål

Godt å vite

Kvar ligg Jølstramuseet?

Rett ved E39 i Vassenden sentrum, i Håvardtunvegen 4, 6847 Vassenden.

Er de opne no?

Vi tek ei pause medan stafettpinnen går til ein ny generasjon. Følg med i sosiale medium, så får du vite når tunet opnar att.

Kan vi leige lokale til selskap?

Vi har lokale som passar til selskap for både privatpersonar og bedrifter, med heimelaga mat basert på lokale råvarer. Ta kontakt, så høyrer vi kva de ønskjer.

Kan eg kjøpe kunst utan å kome til Jølster?

Ja. Gje oss ein lyd, så ordnar vi frakt og betaling med Vipps eller andre betalingsmåtar.

Kontakt

Lurer du på noko? Ta gjerne kontakt med oss.

E-post
post@jolstramuseet.no
Telefon
971 40 975
Adresse
Håvardtunvegen 4, 6847 Vassenden
Kart
Vis vegen hit